[trx_image url=»https://www.nordmorslista.no/wp-content/uploads/2015/07/Nils-Fløystad.jpg» title=»Nils Fløystad
2. kandidat» align=»left» shape=»square» width=»200″]Takk Vegsund for utfordringa, det gjev oss høve til å svare deg og fremje vårt synspunkt.

Du utfordrar fogderilistane til å svare på korleis vårt eksistens innverkar på fogderistrida, men unnlet å fortelje korleis ditt eige parti ønsker å forhindre vidare fogderistrid. Det saknar eg, men det får så vere.

Skeivfordeling og forfordeling over lang tid skaper begrunna harme, det reknar vi med at du er enig i?

Sjå på fordelinga av offentlege arbeidsplasser i fylket, og repeter påstanden om at Høyre og dei etablerte partia arbeider for heile fylket. Nordmøre har betydeleg færre offentlege arbeidsplasser i forhald til resten av fylket pr i dag, vert sjukehuset lagt ned og politimeisteren flytta til Ålesund, sit vi tilbake med 5% av offentlege arbeidsplasser. Kjøttvekta tilseier at vi skulle hatt 25%. Korleis kan du basert på tala her hevde at ditt parti arbeider for heile fylket? Spesielt med tanke på at personer frå ditt partis fylkestingsliste har uttalt at dei ønsker politimeisteren flytta til Ålesund.

Vi på Nordmørslista arbeider for likefordeling mellom fogderia, noko som er fasittsvaret på å unngå fogderistrid, der er vi heilt tydelege. Ved å jobbe for Nordmøres beste fjerner ein fogderistrida, noko mange parti tydelegvis er redde for skal skje.

Vi har ikkje vore dei som har prøvd å auke fogderistrida, vi har ikkje vore dei som har teke opp sjukehussaka og argumentert ut i frå dette. Vi har besvart spørsmål, påstander og skuldingar, det er noko heilt anna. Ja, sjukehussaka er viktig, og ingen er i tvil om kva vårt standpunkt er der. Som ansvarleg liste kan vi ikkje gå til val på ei einskild sak som til overmål ikkje er fylkestingsansvar. Men det er det du indirekte seier om oss, og det er der du tek feil. Vi går til val med eit heilheitleg program for Nordmøre på alle områder. Vi kan garantere at vi kjem til å syne ansvar for resten av fylket og. Som ferske politikere ligg det underforstått og innebygd i oss, i motsetnad til mange etablerte, at vi må syne ansvar for ikkje konkretiserte saker i listeprogrammet. Dei prisipp som gjeld for Nordmøre må sjølvsagt gjelde for resten av fylket, slik har det tildels vore til no. Problemer er at prinsippa som gjeld for resten av fylket ikkje har vorte fulgt opp for Nordmøre.

Du og alle andre etablerte politikere kjem ikkje frå det faktum at de med dykkar politikk har skapt ein knallhard fogderistrid. Vi ønsker å bli kvitt fogderistrida! Å opfordre til å stemme Høyre eller dei andre etablerte partia, er ei oppfordring til å gå for meir av det som ikkje fungerer. Det er på tide å snu kursen, få likefordeling, det krev noko av det farlegaste som finns, nytenking og forandring.

Vi registrerer at du prøver å køyre fram sjukehusa og regions-tenking som argument mot oss, at du i likheit med mange andre etablerte ikkje ser på våre saker, kun på geografi. Dei gode unntaka frå dei etablerte er personer som vi har tillit til både hjå oss og på Nordmøre generelt.

Stem modigt, stem for endring, stem for framtida, stem for Nordmøre!

Du vil kanskje også like...