Nyheter

Stå opp av sofaen for Nordmøre!

[trx_image url=»https://www.nordmorslista.no/wp-content/uploads/2015/07/Mette-Belden.jpg» title=»Mette Belden
1. kandidat» align=»left» shape=»square» width=»200″][trx_image url=»https://www.nordmorslista.no/wp-content/uploads/2015/07/Nils-Fløystad.jpg» title=»Nils Fløystad
2. kandidat» align=»left» shape=»square» width=»200″]

Fylkestinget er fylkets øverste folkevalgte organ og er den arenaen som legg grunnlaget for kva som skjer i fylket. På sunnmøre og i Romsdalen er dei dyktige i å bruke fylkestinget for å få gjennom sine saker. På Nordmøre er vi glade i sofaen…..

Eg er glad i sofaen min, eg har veld sofaen framfor informasjonsmøter, debatter, demonstrasjoner, fester, kinobesøk og mykje anna. Men ein dag har eg alltid forlatt sofaen, på valgdagen! Eg har røysta både til høgre og venstre, eg har røysta etter personer, enkeltsaker og i rein protest. Eg har røysta på ulike parti ved kommunestyreval og fylkestingsval, og på det tredje ved stortingsvalet to år etter. No kan ein sikkert med rette seie at eg har vingla hit og dit, men bak kvar røysting har det vore ein bevist tanke. Eg har aldri røysta på måfå.

I mange land er ikkje demokrati og fri val noko sjølvsagt, det er noko dei kjemper for. Der andre risikerer liv og helse for å avgje si røyst, der sit vi i sofaen. Eg føler meg ikkje kompetent til å seie om det er vårt lukseriøste liv, politikerforakt, latskap eller mangel på klåre politikere som gjer at alt for mange sit godt planta i sofaen på valdagen.

Årets kommune og fylkestingsval er viktigare enn på mange år. Mange tunge saker som vil avgjere framtida ligg framfor oss, og utan at vi på Nordmøre reiser oss frå sofaen på valdagen vil vi gå på nederlag etter nederlag. Uten at vi bruker røysteretten ved fylkestingsvalet gjev vi ikkje signal om kva vi ønsker, kva vi meiner og kva vi krev. Alle parti legg merke til kvar dei henter røystene frå og kvar andre parti henter sine røyster frå. Er det ein region med låg valdeltaking er det lettare å forfordele desse, dei veit at det betyr lite for eiga oppslutning i framtida.

Ved fylkestingsvalet i år har det dukka opp eit nytt alternativ for Nordmøre, Nordmørslista. Vi er allereie valets store vinnarar, vi har satt Nordmøre på sakskartet. På ulike stands Nordmøre rundt har vi møtt mykje folk, og Nordmøre sin situasjon har alle vore opptekne av. Vi har møtt eit engasjement som vi ikkje kan hugse å ha opplevd før, uavhengig av partipolitisk tilhøyrigheit. Mitt personlege håp er at dette gjenspeglar seg ved fylkestingsvalet slik at vi ikkje ser same tala som ved forrige val. Da nytta kun 55-57 røysteretten for å vere med å avgjere kva som skulle skje i fylket. Resultatet ser vi.

Nordmøre har færre offentlege arbeidsplasser etter folketalet enn på Sunnmøre og i Romsdal, vi har tapt viktige saker på rekke og rad, og kan tape fleire. Avgjersler har gått i hytt og pine, men for lite til Nordmøres beste.

Nordmørslista er ei tverrpolitisk liste, og vi skal vere Nordmøres vaktbikkje og talerør på fylkestinget. Vi skal jobbe for å få slutt på skeivfordelinga, og på det viset også bekjempe fogderistriden. Vi er ikkje mot resten av fylket, vi er for Nordmøre.

På valdagen forventer vi at nordmøringen nytter røysteretten sin og med det fortel kva som er viktig. Røyst gjerne på oss, men bruk røysteretten dykkar!

Du vil kanskje også like...