Nyheter

Ei lita markering på vår valkampoppstart

[trx_image url=»https://www.nordmorslista.no/wp-content/uploads/2015/07/Nils-Fløystad.jpg» align=»left» title=»Nils Fløystad 2. kandidat» width=»200″]

Krifast er det største vegkrysset på Nordmøre, og derifrå går det veger i alle retningar. Over brua finn ein Eide og Gjemmnes, to Nordmørskommuner med variert og godt næringsliv.
På andre sida av tunnelen finn ein næringsliv knytt til olje-og gass verksemd på Averøya og i Kristiansund. Eller du kan ta ferga til Tustna/Aure med Tjeldbergodden, eller videre til Smøla med vindmøller og kvalitetsprodukter frå Smølabøndane.

Vel du vegen innover kan du ta av retning Trøndelag til ferga frå Kanestraum over til Halsa der du finn Otnesbrygga. Etter det kan ein køyre til Surnadal, Med laks i kvar ei elv, brei landbruksdal og vannkraft. Surna kan du følge oppover til Rindalen, med rike skitradisjoner og inngangsporten til Trollheimen.

Fortsett du derimot fergefritt innover Tingvollhalvøya finn du både Norsøk, videregåande og Tingvollkyrkja. Når du forlet Tingvoll, kjem du til Sunndalen, vill og vakker. Aluminium og Lady’en har gjort dei kjent langt avstad.

Vi markerer oppstarten av vår valkamp der vegane går ut til alle deler av vår varierte region får å synleggjere at vi ser heile Nordmøre. Frå Krifast kjem vi til å reise ut til flest mogleg stader, alle skal kunne møte oss om dei ønsker det.

Vi ønsker å vere dykkar alle sine stemmer på fylkestinget, og vi håper de vil fortelje oss kva som er viktig for dykk.

Du vil kanskje også like...