Nyheter

Nordmørslista, dei unge sitt val

[trx_image url=»https://www.nordmorslista.no/wp-content/uploads/2015/07/Nils-Fløystad.jpg» title=»Nils Fløystad
2. kandidat» align=»left» shape=»square» width=»200″]

Nordmøre er moglegheitene sitt land, men vi er for dårlege til å formidle dette til våre unge. Det er ikkje sjølvsagt at alle er klar over kor mykje vi har grunn til å vere stolt over. Vi har stor olje- og gassverksemd ute i havet, Vestbase og Tjeldbergodden er solide verksemder i vårt distrikt. Havbruksnæringa er i stadig vekst, fiskeria er viktige. På Sunndalsøra finn vi aluminiumsverk, vi har verftsindustri rundt om, samstundes som vi framleis har livskraftige primærnæringar i heile regionen. Offentlege arbeidsplassar innan helse og omsorg, administrasjon og andre tenesteytande næringar er i stadig utvikling. Ting skjer på arbeidsmarknaden, moglegheitene er så mange, vi må berre gripe dei når dei kjem. Framtida til Nordmøre avheng av mange faktorer, og den viktigaste faktoren er dei unge.

Kunnskap og utdanning er fellesnemnaren for det meste som krevs i arbeidslivet. Nordmørslista vil jobbe for å bevare og utvikle dei eksisterande vidaregåande skulane vi har på Nordmøre. I tillegg til å vere hjørnesteinsbedrifter i dei ulike kommunane, gjev dei eit solid utdanningstilbod til ungdomane i regionen. Vi treng både dei store sentraliserte vidaregåande skulane og dei små fleksible rundt om, variasjon i tilboda gjev mangfald som famner alle.

Skal en region ha vekst og framgang, lyt ein få folket til å busette seg der.

Ikkje alle finn seg til rette i eksisterande utdanningsmoglegheiter, alternativ vidaregåande opplæring vil gje «drop-outs» sjansen til ei utdanning som gjer ein ønska i arbeidsmarknaden. Dei praktiske evner og ferdigheiter ein finn utanfor bøkene er verdifulle, desse er for verdifull til å oftas til arbeidslaust liv. «Levende Vågen» i Kristiansund er eit godt døme på alternativ opplæringsarena som gjev ungdom moglegheiter utanfor ordinær skule.

Næringslivet på Nordmøre har stort behov for kunnskap. Ei snarleg etablering av høgskuletilbod i Kristiansund er naudsynt for å gje ungdomen moglegheiter i det kommande arbeidsliv. Den viktigaste ressursen ein region har, er innbuarane sin kunnskap, den må vi kunne gje innan heimregionen. Styrka utdanningsmoglegheiter er første steget til utvikling av regionen.

Skal ein region ha vekst og framgang, lyt ein få folket til å busette seg der. Viktigaste punktet for at folk skal fortsetje å bu på Nordmøre, eller velje å koma attende, er arbeidsplassar. Det er behov for rekruttering i dei ulike yrka, men like viktig er nyskaping. Nordmørslista ønskjer å stimulere til nytenking, nyskaping og etablering av arbeidsplassar i kommunane. Vårt mål er at alle skal sjå på Nordmøre som den regionen der dei nye spennande jobbane finns.

Har ein utdanning og jobb, er mykje på plass, men utan eit fritidstilbod og gjevande kulturliv manglar det noko. Idrett, kor, korps og tilsvarande tilbod er grunnstammen i fritidstilboda i vår region, og vi ønskjer å inspirere og motivere folk til oppretthalde desse tilboda. Nordmøre har eit yrande musikkliv, frå operaen i Kristiansund, Døde Menn i Tingvoll, Nordmøre spelmannslag til kjellarband. Saman med skapande verksemder innan kunst og handverk vert tradisjonar ivareteken og nye trendar skapt. Også dette er ein viktig del av kulturlivet som mange finn glede i, og som ein lyt ivareta.

Eit slikt mangfald er ein styrke for kulturlivet og er eit viktig satsingsområde for Nordmørslista slik at Nordmøre også framtida har eit rikt og breitt kulturliv som gjer at dei unge vel å satse på Nordmøre.

Å byggje ein region krev langvarig satsing på dei som skal skape framtida på langt fleire punkter enn det som er omtalt her, områder som vi og vil jobbe aktivt for og med. Vi i Nordmørslista vil på fylkestinget jobbe for eit heilskapleg tilbod til dei unge, slik at dei finn utdanning, jobbar med varierte karrieremoglegheiter og rikhaldig fritidstilbod på alle områder i vår region. Det fortener dei unge, og Nordmøre fortener å behalde sine unge.

Dette leserbrevet ble publisert i Tidens Krav 17. juni 2015.

Du vil kanskje også like...