Vintermorgon med utsikt mot Trøndelag

Nils Fløystad - Fylkestingsrepresentant

Ved frukostbordet i dag blei eg sitjande å sjå på Halsalandet, på fergene som gjekk att og fram, på Tustnastabbane og regnet. Slik omtrent midtfjords møtes fergene på kommunegrensa, eller er det ei framtidleg fylkesgrense som vert gåande der? Tanken slo meg. Er det til Trøndelag eg sit og ser?

Eg har tilbrakt mykje tid på fergekaia på Halsa, men lite tid i Halsa elles. Likevel føler eg sterkt for Halsa, det er sterke band over fjorden, nabokjærleik er kanskje rette ordet. Hadde vêret vore betre, da hadde eg sikkert teke meg ein fjelltur, opp på Fløystadfjellet. Da ville eg sett Grip, Smøla, Kristiansund, Halsa, Aure, innover til Surnadalen og Sunndalen, Eide, Gjemnes og Averøya, til og med Rindalen ville eg innbilt meg at eg såg. Heile Nordmøre kan ein med litt fantasi og godvilje sjå derifrå. Men så var det regnet som øydela planane om fjellturen da …

For styrtregn og blest, det toler vi godt. Verre er det med den serien med kalddusjar som kjem frå kontora i Oslo-traktene.

No trur ikkje eg at vêrgudane legg seg så mykje bort i kva vi pusler med her i fylket, dei puslar med sitt og leiker seg med vasskrana slik det høver dei sjølve. Men i dag trur eg dei gråt litt for Nordmøre, i motsetnad til dei som styrer det som skjer her i landet! Vêrgudane trur eg synte oss medkjensle i dag, sidan ingen andre gjer det.

For styrtregn og blest, det toler vi godt. Verre er det med den serien med kalddusjar som kjem frå kontora i Oslo-traktene.

Julegåva i fjor var at Hjelset blei vald til staden for eit eventuelt fellessjukehus for Romsdal og Molde. I år fekk vi ei stor gåve, og fleire små i tillegg. Politimeisteren skal sitje i Ålesund, uvisst kvifor etter mitt syn. For å avlaste barneavdelinga ved Kristiansund sjukehus skal barna i Gjemnes, Eide, Fræna og Molde i framtida skrivast inn i manntallet til Ålesund sjukehus. At det vil medføre lengre reisetid for barn som treng kvalifisert legehjelp, det er berre ein del av gåva. Talet på flyavgangar frå Kvernberget skal reduseras, det er bra, så slepp vi å reise så mykje. Vi har fått ei gild gåve i form av nedgangstider i oljenæringa, også bra. Da slepp folk å gå på jobb, vi slepp tilflytting og økonomisk framgang her i regionen. Det er kjekt alt vi slepp å bruke tid og krefter på. Kva vert den neste gåva tru? Skal dei legge ned barneavdelinga ved sjukehuset vårt, slik at vi ikkje treng å uroa oss om framtida til den meir? Eller er det nedlegging av linjer ved vidaregåande skular, eller kanskje heile skular? Alternativa er mange. Flyplassen? Kystekspressen?

Kva vert den neste gåva tru? Skal dei legge ned barneavdelinga ved sjukehuset vårt, slik at vi ikkje treng å uroa oss om framtida til den meir?

I aviser og i usosiale media som Facebook ser eg at mange tek til orde for å dra fylkesgrensa til Trøndelag eit godt stykke sørover. Folk er skuffa, sjokkerte og rasande på alle desse gode gåvene vi har fått. Det er no ein gong slik at vi på Nordmøre sett pris på å jobbe, liker ansvaret det medfører å drive eit sjukehus, vi ønsker utdanning og set pris på å ha politimeisteren i nærleiken. Er det rart at vi lurer på om engsvingel og timotei er meir fargerik nord for oss?

Fylkestinget skal jo vere det overordna organet i Møre Og Romsdal, som skal legge premissane for utvikling og vekst. Dei 47 eidsvorne menn og kvinner, meg sjølv inkludert, skal syte for rettvis fordeling for alle fogderia. Dette vert framheva av ulike fylkespolitikarar med sterke kjensler for si eiga postadresse. «Sjølvsagt skal Nordmøre få, berre vi får først!» Fritt dikta og delvis korrekt sitert.

Nordmørslista har ved å delta i ein koalisjon vore med å sett fokuset på Nordmøre, og vi ser nokre resultat allereie. Men er det nok til å stogge Nordmøres lengselsfulle blikk mot nord? Vil resten av fylket sjå det som skjer, eller vil dei helst oversjå? Tek dei sjansen på at vi nok ein gong skal godta gåvene vi får? Ein treng ikkje vere Snåsamannen eller Oraklet i Delfia for å sjå klårt her, det er nok at ein vanleg person sit ved kjøkkenbordet og ser på ferja!

Frå frukostbordet,

Nils Fløystad, Nordmørslista.