Helse Møre og Romsdal ute med ROR

Nils Fløystad
2. kandidat

Den 16.07 hadde Romsdals Budstikke ein stor reportasje frå Alexsandrasuiten om det nye sjukehuset. Romsdal Regionsråd(ROR), Helse Møre og Romsdal (HMR) og ein representant frå Helse Midt-Norge(HMN) møttes til ein heilaften, med spesielt fokus på ROR si rolle i planleggingsprosessen av nytt sjukehus.

Er ikkje planlegginga eit ansvarsområde for helseforetaka? Er dette eit signal om at nysjukehuset er eit romsdalsforetak? Skal ROR planlegge infastrukturen for Nordmøre og? Kvifor er berre den eine regionen representert her, kvifor er ikkje Orkide på banen?

Det var ROR som inviterte, og HMR og representanten for HMN takka ja. At ein representant for HMN takker ja står i sterk kontrast til manglande vilje frå HMN til møte med Orkide og representantar for Nordmøre. Burde ikkje representanten frå HMN , sjølv om han er frå Fræna, takka nei?

Ved å takke ja til invitasjonen frå ROR har HMR og HMN tydeleg sagt frå kvar landet ligg. Dersom ikkje Nordmøre legg saka om tomtevalet daud, så får ikkje Nordmøre delta i planlegginga av vårt eige helsetilbod. Korleis er ein slik framgangsmåte med på å skape samhald i fylket? Ligg det her eit varsel om at bygginga av nysjukehuset skal gå til firma frå romsdalsregionen? Det er freistande at å seie at det er den politikken HMR og HMN ynskjer å føre.

Dersom ikkje Nordmøre legg saka om tomtevalet daud, så får ikkje Nordmøre delta i planlegginga av vårt eige helsetilbod. Korleis er ein slik framgangsmåte med på å skape samhald i fylket?

Med eit fylke i opprør er dette å sløkke eit bål ved å tømme på meir bensin, forsoninga som trengs er ikkje påbyrja med eit minste steg. Prosessen som førte til tomtevalet for nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal er i beste fall oppfatta som suspekt, sjølv om ingenting ulovleg er bevist så langt. HMR og HMN har her eit ansvar. Prosessen som førte fram til tomtevalet ligg som ei sperre, partane må møtes og ein må få klårheit i det som skjedde. Leiinga i Sør-Afrika turde å møte folket dei hadde undertrykt i hundrevis av år, HMN tør ikkje snakke om eit tomteval? Folk får dra sine konklusjonar sjølve.

Det som er heilt klart og udiskutabelt, er at det trengs kraftig opprydding og aktivt arbeid for å skape ei forsoning, eit ansvar som ligg hjå HMR og HMN. Kvifor ynskjer ikkje desse å evaluere prosessen? Kva er det dei ikkje ynskjer skal kome fram? Skal ein få eit fullverdig helsetilbod på Nordmøre og i Romsdal må partane kunne snakke saman, uavhengig av tomteplassering.

”Toget kan ikkje stansas” seiast det som oppsummering frå denne kosekvelden. Det som kan stanse toget er økonomien, og dersom det ikkje kan stanses, kva er det da vi ikkje får vite? Er det nedlegging av Volda og funksjons ran frå ÅSE som skal finansiere det nye sjukehuset? Det er nok grunn til å slå på alarmen på Sunnøre. Det er ofte sagt at folk går over lik for å oppnå det dei vil, her kan det fort bli sanninga.

Dag Hårstad og Espen Remme forsikrer kommunetoppane at planlegginga av sjukehuset går godt og beveger seg i riktig retning. Kvifor får vi ikkje vite konkret kva det betyr? Kvifor seies det ingenting om kva retning det beveger seg? Kvifor er det ikkje større openheit? Det skal opnes prosjektkontor på Hjelset og i Kristiansund, eit positivt bidrag får ein tru. MEN! Kvifor skal det ikkje opnas prosjektkontor i Averøy? Kva med Sunndal? Smøla? Aure? Er det av di desse kommunane ikkje skal få bidra med noko? Dei seier at arbeidet går framover, men Nordmøre er ikkje med. Kva fortel det? Er det ein føresetnad at Nordmøre ikkje er med?

Planlegginga av sjukehuset går godt, og beveger seg i riktig retning.

– Dag Hårstad

Aukra-ordfører Bernhard Riksfjord var i godt humør etter møtet, då helsetoppane forsikra at prosessen gjekk godt. Han fortalde dei hadde fått vite korleis tida etter tomtevalet var brukt, at prosessen var på riktig spor, at det nye akuttsjukehuset på Hjelset vi bli bygd. Det vert understreka at Molde kommune verkeleg gjer jobben sin. Underforstått at Kristiansund ikkje gjer det. Aukra ordføraren oppsummerte med at toget går no, sjølv om nokon vert ståande tilbake på perrongen. «Dei som ikkje er med oss, er mot oss», sa George Bush JR sin famøse tale om terrorisme. Er det slik HMR har tenkt å skape forsoning og fred i fylket? Er dette ein bevist politikk for å utelukke Nordmøre? Det er i alle fall grunn til å tenke tanken. Aukra-ordføreren er glad for at Remme og Hårstad er så tydelege, og han er glad for at sjukehuset vert kjempebra. Kvifor får ikkje vi alle vite kva som vert så kjempebra? Kva informasjon er det vi ikkje har fått?

Toget går no, sjølv om nokon vert ståande tilbake på perrongen.

– Bernhard Riksfjord

Paul Valle frå Fræna, styremedlem i HMN, deler oppfatninga av at prosjektet er kome skikkeleg i gang. Han seier han vert motivert av å høyre om planane. Kva planer? Sjukehuset på Hjelset skal bli det mest moderne sjukehuset i Noreg, det mest moderne Clustersjukehuset vel? Eller er det kome inn nye planer som vi ikkje har fått vite om enno? Er dette noko sjukehuset i Ålesund må vere på vakt for?

Paul Valle seier at det jobbes godt, sjølv med lite medspel frå Kristiansund. Han seier at det vert eit meir nyansert bilete, etter kvart som tida går. Har han ikkje fått med seg reaksjonane frå Nordmøre? Har han ikkje fått med seg protesttog, demonstrasjonar, lesarinnlegg og folk som har stått fram i media? Å høyre på dei få, og oversjå fleirtalet kallest ikkje å få eit meir nyansert bilete. Paul Valle er ”hellig overbevist” om at sjukehuset vert bygd til planlagd tid. Når vi veit at økonomien pr i dag ikkje er tilstades, at det ikkje spares men drives med underskot, korleis kan han da vere hellig overtydd? Kva opplysningar er det vi ikkje får?

Hårstad seier at dei er klare til å starte opp for fullt etter sumaren etter å teikna kontrakt med arkitekt og rådgjevande ingeniør, og at kontraktsigneringa markerer ein milepæl for fellesjukehuset. Skal ein starte opp for fullt etter sumaren, må det bety at dei veit kva funksjoner som skal inn i sjukehuset på Hjelset. Er det avklart allereie? Eller skal ein teikne eit sjukehus utan å vite kva behov det må fylle? At ein må stille desse spørsmåla, uavhengig av kva svara er, fortel om behovet for ein heilt anna politikk frå HMN og HMR. Kvar er åpenheita?

Hårstad seier at dei skal bygge eit fullverdig sjukehus for Nordmøre og Romsdal, noko som er vel og bra. Men i grunngjevinga for tomtevalet var det ikkje snakk om eit fullverdig sjukehus, det var snakk om eit clustersjukehus, med funksjonsdeling med Ålesund. Er planane endra? Eit av dei viktigaste argumenta for å plassere sjukehuset på Storbakken var at det ville gje eit fullverdig sjukehus, funksjonsdeling var argumentet for Hjelset. Kvifor denne endringa i ordvalg? Er dette berre fin retorikk eller ligg det noko meir bak dette?

Hårstad seier vidare at dei som ikkje trur på dette må komme om bord og sjå kva dette verkeleg skal bli, da vil ting snu. Betyr det at innhaldet er endra i forhald til dei opplysningane tomtevalet blei fatta på? Kva er det som er lova, kva er det som no er sagt?

De som ikke tror på dette må komme om bord og se hva dette virkelig skal bli, da vil ting snu.

– Dag Hårstad

Konseptfasen skal vare fram til neste haust, og nøkkelen er å få gode prosesser med kommunane og brukarane, seier Hårstad. Kva planer har Helse MR og HMN for å få gode prosesser med kommunane og brukarane på Nordmøre? Her manglar det omsyn til halvparten av dei sjukehuset skal byggjast for. Til no ser det ut til at gode prosesser for Nordmøre sin del er tvang og utestenging.

Torgeir Dahl er litt meir moderat i sine utsegn, og understrekar at det er først om to år endeleg avgjer skal takas. Han ser krefter som jobbar mot, men at han ser ei grad av tilpassing. Kva tilpassing? Så lenge ikkje HMN og HMR byrjar eit kraftig forsoningsarbeid, vil nysjukehuset verte eit sjukehus for deler av Romsdalsregionen og nokre deler av befolkninga på Nordmøre.

Det er i reportasjen sagt at det er lite medspel frå Kristiansund, men korleis kan ein spele med når ein ikkje er inviterte? Og kvifor fokuserer dei på Kristiansund? Er det ikkje 10 andre kommunar på Nordmøre ein og skal ta omsyn til ? Kvifor vert ikkje resten av Nordmøre teke med i denne samanhengen? Frå fyrste dag har det vore fokusert på at det er i Kristiansund ein reagerer på sjukehussaka, resten av Nordmøre vert ikkje teke med. Kvifor trur dei at helsetilbodet er mindre viktig for resten av Nordmøre?

Å stille desse spørsmåla er ikkje konspiratorisk. Det er spørsmål som krev svar.

Før desse svara kjem, før openheit vert praktisert og reelt forsoningsarbeid vert starta, kjem ein ingen veg, og det gjeld for meir enn sjukehussaka.

Tida er overmoden for at alle Nordmøre sine politikarar står opp for sin region, at alle står saman for Nordmøre.